Fotonotar

Ein blogg frå krysningspunktet mellom helse og visuell kultur

Om skribenten

Eg er Jorun Larsen (f. 1983).

For tida er eg doktorgradsstipendiat i kunsthistorie ved Universitetet i Bergen (2022-2026), kor eg undersøker den norske psykiatriens visuelle kultur, med hovudfokus på fotografi og film. Eg har mellom anna bakgrunn som fotograf og journalist, og med denne bloggen vil det truleg bli synleg at formidlingstrangen og -gleda framleis står sterkt i meg, både når det gjeld tekst, bilete og andre typar forestillingar.

Om bloggen

Eg møter mykje interessant materiale i dette doktorgradsarbeidet, men alt det finurlege eg kjem over kan umogleg inngå eller bli presentert i avhandlinga. Ein god del får eg sjølvsagt utløp for i fotnotar, ei løysing i den akademiske skrivinga som eg elskar å nytte meg av. Men ganske ofte får eg høyre at eg må kill my darlings, noko som diverre går hardt ut over desse utvida kontekst-skapande fotnotane. Sidan det i hovudsak er fotografi eg jobbar med, måtte jo denne bloggen bli etablert: Fotnotane eg ikkje får nytta meg av i avhandlinga, samt refleksjonane og ideane eg treng å tankeskrive litt rundt (skriving er jo disiplinerande for tanken) blir altså ikkje drepne, sjølv om eg blir råda til det.

Dei får heller si eiga plattform her, som fotonotar.