
Eg er på ein kort studietur i London, kor arbeidet starta på lesesalen til Wellcome Collection. Her har eg bestilt ein stabel med både historiske og nyare informative, dokumentariske og eksplisitt intendert lærerike videoar om psykiatri og behandlingsmetodar. Slike filmar undersøker eg forresten også i PhD-prosjektet mitt; Den norske psykiatriens visuelle kultur – ei alternativ forståing av psykiatrihistoria? som skal leverast i slutten av 2026.
Ein av filmane eg såg i dag var Were ni! he is a madman: a study of the management of psychiatric disorders by the Yoruba of Nigeria (1963). Filmen vart laga av Frank Speed og Raymond Prince for den Medisinske illustrasjonseininga for pediatri ved Universitetet i Ibada, Nigeria. Behandlingsmetodane som blir presentert i filmen, er knytt til gamle ritual, kor trua og kulturen blant befolkningna tydeleg speler ei vesentleg rolle.
Nokre av dei psykisk sjuke fekk til dømes dei nyleg glattbarberte hovuda sine gnidd inn med diverse remedier, som ferskt dueblod eller ein slags mos som mellom anna bestod av banan og jojobaolje. Når healeren dernest laga mange små snitt i hovudskallen til pasienten, i form av eit kors, slik at den sjuke personen sitt blod skulle blandast med og reinsast av dueblodet, eller at dei opne såra skulle sleppe dei vonde andene fri, tenkte eg faktisk: “Dette er galskap.”
Men straks den tanken var tenkt, korrigerte eg meg sjølv: “Kva er eigentleg galskapen i dette? Kvifor skal ikkje denne behandlinga kunne vera like adekvat som ‘vår’?”
I den vestlege verda har me ingen kur for psykiske lidingar. Ei heller ei presis og ålment akseptert forståing for kva som forårsakar slike. Me set kanskje vår lit til vitskapen og fornufta, men har likevel ikkje kome fram til eintydige svar. Ergo: Hadde eg trudd at dueblod og med det offeret av eit par duer – denne symboltunge fuglearten – ville kunne gjera meg frisk og fri frå vonde ander, ville nok dette vore ei potensielt god behandlingsform for meg.
Denne indre dialogen fekk meg (nok ein gong) til å innsjå at både definisjonane og definisjonsmaktene er relative når det kjem til galskap og behandlingsmetodar i psykiatrien.
Filmen ligg forresten på YouTube.
Leave a comment